Eg beisa min støvel og sala mitt sverd Så batt eg merra ved sida Så reiste eg meg til kattemordsferd Skulle stande den farlege strida Og eg låg og eg datt Og eg drøymde inatt Eg totte den visa var bakvendt ratt Og laksen høgt i furutopp Han braut smålauvet av greinir Og ikorn ned på havsens botn Skulle brota opp store grå steinar Og eg låg og eg datt Og eg drøymde inatt Eg totte den visa var bakvendt ratt Og reven var raud og ikorn var snau Det stod tvo dyr uti skogen Der stande tvoikorn og tamde ein bjørn Dei ville vel hava'n fyr plogen! Og eg låg og eg datt Og eg drøymde inatt Eg totte den visa var bakvendt ratt Så kom det fram ein gamal blind mann Skulle sjå kor det leid nå med tida Og stjørnune song og månen han gol Det skein ein gauk oppi lia Og eg låg og eg datt Og eg drøymde inatt Eg totte den visa var bakvendt ratt