Kishore Kumar Hits

Tom Roger Aadland - Rapport frå eit grensehotell şarkı sözleri

Sanatçı: Tom Roger Aadland

albüm: Rapport frå eit grensehotell


Guden for hemn og hat
Fryda seg storleg der han sat
Nok ei grense vart streka opp
Ein ramn åt roleg av ein sundsprengd kropp
Diplomatar gjekk i skytteltrafikk
På flyet høyrde dei klassisk musikk
Guden for hat og hemn
Sov sin sigersvande svevn
Nok ei grense vart viska ut
Ei jente venta fåfengd på sin kjære gut
På storskjermen synte dei sjakkspel og sport
Det hender eg ønskjer meg langt, langt bort
Eg elskar deg meir enn meg sjølv
Eg ønskjer du var her i kveld
Og at eg kunne finne ord for
Alt det hjartet ustanseleg ropar
Eg rapporterer frå eit grensehotell
Gjennom røyken som stig, gjennom regnet som fell

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar