Eg ser du har på deg leopardskinnsbunadshetta di Ja, eg ser du har på deg leopardskinnsbunadshetta di Vel, du må seie meg Korleis hovudet ditt kjennest ut under ei slik Under leopardskinnsbunadshetta di Vel, du ser så fin ut i ho Kjære, kan eg trø ho flat ein gong? Ja, eg vil berre sjå Om ho verkeleg beheld sin fasong Du veit, ho sit oppå hovudet ditt Som ein kork på ei flaske Med vatn ifrå ei fonn Leopardskinnsbunadshetta di Og om du vil sjå sola stå opp Kjære, veit eg ein stad Ein morgon kan me gå opp Og berre sitje der og stire i lag Eg med beltet Surra rundt hovudet Og du som berre sit der pal Med leopardskinnsbunadshetta di Eg spurde doktoren om eg kunne vitje deg Han sa det var ein viss risiko Ja, eg høyrde ikkje på han Eg vitja deg Men han var der allereie, jo Det er greitt nok at han lurte meg Men eg skulle sanneleg ønskje han ikkje stod Der med leopardskinnsbunadshetta di Vel, eg ser du har fått deg ny type Eg har aldri sett han før i mitt liv Vel, eg såg at De to elska Du gløymde å lukke garasjedøra di Du trur kanskje han tar deg for pengane Men eg veit at det han investerer i Det er leopardskinnsbunadshetta di