Kishore Kumar Hits

Tom Roger Aadland - Lilly, Rosmari og Hjarterknekt şarkı sözleri

Sanatçı: Tom Roger Aadland

albüm: Blod på spora


Marknaden var over no, gutane dei hadde eitkvart på lur
Alt var stilt i festlokalet, bortsett ifrå boring i ein mur
Forbodet var oppheva og lykkehjulet stengd
Kvar mann ved sans og samling hadde dratt for lengst
Då stod han der i døra og såg ut som Hjarterknekt
Han skritta over golvet bort til spegelen og sa, "Set alt på meg"
Og så heldt alle saman fram med det dei gjorde før dei snudde seg
Så gjekk han bort til ein framandkar og spurde med eit smil
"Kan du sei meg, ven, når underhaldninga tek til?"
Så flytta han seg til hjørnebordet, fjeset vendt som Hjarterknekt
Jentene dei spelte poker attom scenen der som trappa var
Lilly håpa på ei dronning, ho hadde allereie par
Ute fyltest gatene av folk som strøymde til
Ein bris kom gjennom vindauget, han var så linn og mild
Lilly satsa endå meir, og trekte Hjarterknekt
Stor-Jo var ingen tosk, han åtte gruva, kvar ein diamant
Han kom inn slik han alltid gjorde, kledd så kostbart og så elegant
Med livvaktar og sølvstokk og kvart hårstrå fint på plass
Han tok det som han det ville ta og køyrde det i dass
Men livvaktar og sølvstokk det var ingenting mot Hjarterknekt
Rosmari børsta håret sitt og drog til by'n, ho var eit synd å sjå
Ho smaug inn gjennom sidedøra, som ei dronning utan krone på
Ho flagra litt med vippene og kviskra, full av list
"Orsak, Pus, at eg er sein", men han høyrde ho ikkje, visst
Han stirde ut i lufta i retning Hjarterknekt
Stor-Jo tenkte med seg sjølv, "Eg veit at eg har sett han før ein stad
Kanskje på eit bilete, kan hende nede i Christiania"
Så vart ljosa dempa, folk trampa og dei lo
Og i mørkret der i rommet var det berre han og Jo
Dei stirde på sommarfuglen som trekte Hjarterknekt
Lilly var prinsesse ho, som barn så var ho alltid lys og lett
Ho gjorde det som måtte til, eit smil som hennar hadde ingen sett
Ho kom ifrå ein oppløyst heim, og sjølv så stod ho i
Med menn ho reiste land og strand med før det blei forbi
Men aldri hadde ho møtt nokon som var heilt som Hjarterknekt
Domaren kom inn då ingen såg det og blei bydd på vin og mat
Boringa i muren stoppa opp, men ingen stussa der dei sat
Alle visste godt at Lilly hadde Jo sin ring
Og mellom dei to skulle aldri kome nokon ting
Nei, aldri noko, bortsett frå kan hende Hjarterknekt
Rosmari ho drakk tettare og spegla seg i bladet på ein kniv
Ho var lei av all oppmerksemda, lei av rolla som Stor-Jo sin viv
Ho hadde prøvd det meste, jamvel sjølvmord ein gong
Ville gjera ei god gjerning før ho song sin svanesong
Ho såg rakt inn i framtida, og reid høgt på Hjarterknekt
Lilly vaska andletet, tok kjolen av og la han skundsamt vekk
"Slapp du opp for hell?", sa ho og lo,
"Eg visste vel at det var slik det gjekk
Veggen her er nymåla, ver varsam når du går
Det er godt å sjå du er i live, som ein helgen der du står"
Nede i gangen kom det fottrinn etter Hjarterknekt
Sjefen i kulissane gjekk att og fram med kvilelause steg
"D'er noko her som ikkje stemmer",
Sa han, "Eg kan kjenne det lang veg"
Han ville hente domaren, men domaren lukta sprit
Medan han som spelte hovudrolla pilte hit og dit
Ingen spelte rolla si betre enn Hjarterknekt
Lilly heldt rundt mannen som ho elska og trykte han inn til seg
Gløymd var han som hundsa henne, mannen som ho hata inderleg
"Eg har sakna deg slik", sa ho og han trudde henne trygt
Men rett utanfor døra kjende han sjalusi og frykt
Berre ei anna natt i livet til Hjarterknekt
Ingen visste omstenda, men dei sa det skjedde nokså kvikt
Garderobedøra fauk opp, og så høyrdest eit revolverklikk
D'er synd å sei at Stor-Jo verka særlig overgitt
Rosmari ho stod attmed han, så stø i blikket sitt
Ho var saman med Stor-Jo, men helte litt mot Hjarterknekt
To dører lenger nede kom dei gjennom muren endeleg
Dei gjorde reint bord i kvelvet, ein kan sei at strevet svarte seg
Ved elvebreidda venta dei, alt var mørkt og stilt
På han som hadde sagt han måtte gjera ein ting til
For dei kunne ikkje fortsetje, ikkje utan Hjarterknekt
Henginga var neste dag, mørke skyer låg der som ei bør
Stor-Jo låg tildekt, drepen av ein brevkniv dagen før
Rosmari som i galgen stod, ho blunka kje ein gong
Og domaren var edru no, han hadde ingen trong
Den einaste som ikkje var til stades der var Hjarterknekt
Festlokalet det var tomt, eit skilt sa, "Opnar att om litt"
Lilly hadde allereie teke fargen ut av håret sitt
Ho tenkte litt på far sin som ho ikkje hadde sett
Ho tenkte på Rosmari, og på lov og rett
Men mest av alt så tenkte ho på Hjarterknekt

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar