Kishore Kumar Hits

Tom Roger Aadland - Du gjer meg einsam når du dreg şarkı sözleri

Sanatçı: Tom Roger Aadland

albüm: Blod på spora


Eg såg kjærleik ved mi dør
Han har aldri vore så nære før
Aldri har han glidd så fint min veg
Eg skaut i mørkret, rett og slett
Det er vrangt, som ikkje er rett
Du gjer meg einsam når du dreg
Drakeskyer i det blå
Alt eg ikkje tenkte på
Kjærleiken slo nedafrå i meg
Denne gong er ryggen rak
Beint mot målet, rett på sak
Du gjer meg einsam når du dreg
Kløverblad og klostersaum
Ditt raude hår som i ein draum
Eg kjem på gråten, reint, av deg
Eg hugsar kje kva som gjekk av meg, men
Du skjemde meg visst bort, min ven
Du gjer meg einsam når du dreg
Blomar står i vilt flor opp' i lia
Grashopper dei syng på kvar ein flekk
Elva renn så seint på denne tida
Eg kunne bli hjå deg for alltid
Og aldri merke at tida gjekk
Allting skar seg, på eit vis
Alle forhold lagt på is
Eg har trødd med feberheite steg
Eg veit det er kje nett likt fatt
Og kan kje samanliknast, radt
Men du gjer meg så einsam når du dreg
Du får meg til å undrast kva eg gjer har
Eg rotar rundt på eiga hand
Du får meg til å undrast kva eg seier
Du får meg til å prate med meg sjølv, mann til mann
Eg skal finne deg i Sør-Varanger
Kautokeino og Stavanger
Eg veit at du vil snart forlate meg
Men eg ser deg i kvar sky som driv
I dei eg elskar, og i alt liv
Du gjer meg einsam når du dreg

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar