Kishore Kumar Hits

Tom Roger Aadland - Stor jente no şarkı sözleri

Sanatçı: Tom Roger Aadland

albüm: Blod på spora


Vår prat i saman han var søt og snar
Han slo beina under meg, best det var
Og eg står atter i regn, å, å
Og du står på tørt land
Du klarte det til sist
Stor jente er du visst
Fugl i det fjerne mellom stein og lyng
For si eiga rekning sit han og syng
Og eg er akkurat lik, å, å
Eg syng for berre deg
Kan du høyra songen min?
Eg syng med tårer på mitt kinn
Tida er eit jetfly, ho går altfor fort
Men å, kor synd viss alt me hadde saman visna bort
Eg sver eg kan snu, å, å
Sjå kva du får gjort
Eg kan få det til
Du kan, viss du vil
Kjærleiken er enkel, kor det no stod
Du har visst det heile tida, eg lærer det no
Å, eg veit eg finn deg, å, å
På einkvan sitt rom
Det er prisen som er sett
Du er stor jente, rett og slett
Når veret skiftar, er det til gagns
Men korfor skifte hestar når det er så langt til lands?
Eg går frå vit og forstand, å, å
Og smerta får nytt tak
For kvart eit hjarteslag
Sidan me to skilde lag

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar