Kishore Kumar Hits

Tom Roger Aadland - Vikla inn i blått şarkı sözleri

Sanatçı: Tom Roger Aadland

albüm: Blod på spora


Tidlig ein morgon då sola skein
Låg eg og undrast på
Om håret hennar enno var raudt
Om der var endringar å sjå
Dei sa me ville angre på
Den vegen som me tok
Dei likte aldri mor sin kjolesaum
Far han hadde ikkje nok på bok
Og eg stod der i vegkanten
Og såg på at regnet fall
Eg hadde tenkt meg austover
Eg har betalt for alt som eg har fått
Vikla inn i blått
Ho var gift då me møttest først
Snart skulle ho bli fri
Eg hjelpte henne sikkert laus
Men eg tok nok litt for hardt i
Me køyrde bilen så langt me kom
Og sette han att langt vest
Skilde lag ein mørk, trist kveld
Samde om at det var best
Ho snudde seg for å sjå etter meg
Medan eg vandra bort
Eg høyrde ho sei over skuldra mi
"Me møtest att i ein port når ei tid er gått"
Vikla inn i blått
Eg hadde jobb i skogen nordpå
Arbeidde ei tid som kokk
Men eg likte det aldri særleg godt
Og ein dag hadde eg fått nok
Så dreiv eg sakte nedover
Til eg kom til ein hamneby
Arbeidde ei stund på ein fiskebåt
Som drog ut i morgongry
Men fortida var hakk i hæl
Ho gav meg aldri ro
Eg trefte mange kvinner
Men eg kunne ikkje gløyme ho som fekk meg brått
Vikla inn i blått
Ho arbeidde på ein topplaus bar
Eg kom inn for ein tår
Eg blei sitjande og stire på henne
Andletet skein så klårt
Og seinare då det stilna av
Stilna det òg i meg
Ho stod der attom stolen min
Og sa, "Kjenner eg ikkje deg?"
Eg mumla noko ned i jakka mi
Ho granska meg og lo
Eg skal innrømme eg kjende meg litt utilpass
Då ho bøygde seg og batt skolissa mi godt
Vikla inn i blått
Ho tende ei pipe i omnen og baud meg på eit drag
"Eg trudde kje du sku' sei hei," sa ho
"Du er visst av eit fåmælt slag"
Så opna ho ei bok med dikt
Og la varsamt i mi hand
Skriven av ein diktar frå Italia
Så trugen og sann
Og orda glødde nett som kol
Og gjorde meg så vel
Det strøymde frå kvar side
Som om det var i mi eiga sjel det skulle stått
Vikla inn i blått
Eg budde hjå dei på Danmarksplass
I ein kjellar ned ei trapp
Lufta dirra av revolusjon
Og poetane song om kapp
Då byrja han med slavehandel
Og noko i han fôr vill
Ho måtte selje alt ho åtte
Og inni fraus ho til
Og då botnen fall ut heilt til slutt
Trekte eg meg jamt
Det einaste eg visste av
Var å halde fram med å halde fram, om det gjekk trått
Vikla inn i blått
Så no dreg eg attende dit
Eg må nå ho på eit vis
Alle dei som me kjende før
Er borte no, som i ein dis
Nokon er professorar
Nokon skjer med kniv
Veit ikkje koss alt starta
Eg veit kje kva dei gjer med sine liv
Men eg er enno undervegs
Eg veit eg får kje fred
Me kjende på det same
Men var kje samde om det baud til medynk eller spott
Vikla inni blått

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar