Med Jesus vil eg fara På livsens ferd i lag Gud, lat den samferd vara Alt til min døyand dag Det er mi høgste æra Det er mi største ros Hans fylgjesvein å vera Og vandra i hans ljos Min Jesus, sannings stjerna Lys opp min mørke veg Mitt hjarta vil so gjerna Få fylgja etter deg Du lyser enn i verdi Som før frå Betlehem Ver du mitt ljos på ferdi Til heim med deg eg kjem Du til di grein meg sette Alt i min fyrste vår Med livsens dogg meg vætte Gav sol og signa år Du vil og vokster gjeva Alt til min siste slutt Lat meg i deg få leva I deg få anda ut