Kishore Kumar Hits

Solveig Leithaug - Gud, Signe Vårt Dyre Fedreland şarkı sözleri

Sanatçı: Solveig Leithaug

albüm: Fagert Er Landet


Gud signe vårt dyre fedreland,
Og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
Og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu,
Som kristne det kan seg søma.
Vårt heimland i mørker lenge låg,
Og vann kunna ljoset gøymde.
Men Gud, du i nåde til oss såg,
Din kjærleik oss ikkje gløymde,
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
Og ljos over landet strøymde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
Me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
Kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss Gud, så me kan bu
I heimen med fred og hyggja!

Gud signe vårt dyre land, Gud signe vårt land
No er det i Noreg atter dag
Med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
Det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd
Til groren ein gong er mogen.

Gud signe vårt dyre land, Gud signe vårt land

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar