Ragnar Bjerkreim

Ragnar Bjerkreim şarkı sözleri

Sanatçı   ·  ayda 22 851 dinleyici

Sanatçının Albümleri

Benzer Sanatçılar


Biyografi

Ragnar Bjerkreim (f.1958) er fødd og oppvaksen i Bjerkreim i Sør-Rogaland. I barne- og ungdomsåra fekk han piano- og orgelundervisning samstundes som han var utøvande musikar og kordirigent. Han har hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo. Bjerkreim sin produksjon omfattar musikk til film, fjernsyn, teater, kor, viser og songar for barn. Med musikken til filmane Kamilla og Tyven (1988/89) og fjernsynsserien The Kon-Tiki Man (1989) etablerte han seg som ein av dei leiande mediekomponistane i Noreg. Han har også skrive jinglar for NRK, musikk til reklame og til ei rekkje fjernsynsseriar og fjernsynsprogram. Bjerkreim er særleg kjent for musikken til Jakten på Nyresteinen og Velsigning frå Missa Caritatis. Velsigning sungen av Bodil Arnesen, Kamilla og Sebastian og Jungle of Beliefs framført av Morten Harket, er blant hans mest framførte låtar på nettet og i radio. Han har over 400 verk registrert i TONO, og mykje av hans musikk er innspelt på CD. Dei fleste albuma ligg på Spotify og på andre straumetenestar. Foto: Sol Nodeland, Marie von Krogh, Penelopefilm.