Gud signe vårt dyre fedreland Og lat det som hagen bløma! Lat lysa din fred frå fjell til strand Og vetter for vårsol rømma! Lat folket som brøder saman bu, Som kristne det kan seg søma. Vårt heimland i myrker lenge låg, Og vankunna ljoset gøymde. Men Gud, du i nåde til oss såg, Din kjærleik oss ikkje gløymde. Du sende ditt ord til Noregs fjell, Og ljos yver landet strøymde. No er det i Noreg atter dag Med vårsol og song i skogen. Um sædet enn gror på ymist lag, Det brydder då etter plogen. So signe då Gud det gode såd, Til groren ein gong er mogen!