Dette lyt du bera:
At du ikkje strakk til,
At du var venglande fjør,
Ikkje oddtung pil
I den sterke vinden.
Dette lyt du bera:
At du ikkje strakk til,
At du var venglande fjør,
Ikkje oddtung pil
I den sterke vinden.
Du kleiv ikkje bergi,
Rodde ikkje vatnet,
Drap ikkje draken,
Du kom ikkje då ho,
Den einaste, ropa.
Um du var snøa med snø,
Dreven med dogg,
Slegen med regn,
Skulde du kome.
Valund med hogde
Hælsenar sat,
Men gjorde seg venger;
Du sat og smidde
Leikor åt born.
I draumar fær du,
Ender og gong,
Kliva bergi,
Ro vatnet,
Drepa draken,
Koma til henne.
Soleis vert ditt liv
Fullbyrda.
Um du var snøa med snø,
Dreven med dogg,
Slegen med regn,
Skulde du kome.
Valund med hogde
Hælsenar sat,
Men gjorde seg venger;
Du sat og smidde
Leikor åt born.
åt born
I draumar fær du,
Ender og gong,
Kliva bergi,
Ro vatnet,
Drepa draken,
Koma til henne.
Soleis vert ditt liv
Fullbyrda.
Поcмотреть все песни артиста