Snart skal eg fara Til heimen yver havet Etter snoking rundt i verdi Lengtar eg mot nord Hjarta spør um vegen Eg drygjer med å svara Det veit ikkje lenger Kvar som er heime So mange namn Er ute or soga So mange andlet I framande land Kvar hev du vore Kva hev du gjort Eg var ikkje der Nett då det hende Kva hev du set Kven hev du møtt Eg kann fortelja Um andre stader Um olme massars Svik mot dei veike Um svoltne folk Som fråssa i søppel Eg såg Island Då pengane strøymde Dei hertok Europa I ein vind av kokain Jau, eg såg Noreg Fyrr ovmod vart armod Og byggherrar trælar Det var gode tider Eg såg la France Og han som måtte koma No fær mobben svara For byane dei brende Eg låg l'Italia So elska av soli Politikk er meir Enn kunsten å prata Eg såg Deutschland Framsteget fór Yver Autobahn Bles burt i det blå Mykje set, mykje sagt Takk til dykk som høyrde Snart skal me sjåast I heimen yver havet