Dei vil alltid klaga og kyta, At me ganga so seint og so smaatt; Men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta: Me skal koma, um inkje so braadt. Ja, det skyt ikkje fram, so det dunar (Som no ingen kann undrast uppaa); Men det munar daa jamt, ja det munar, So det stundom er Hugnad aa sjaa. Lat det ganga fram, lat det siga! Berre eitt eg ynskjer og bed: At me inkje so høgt maatte stiga, At me gløyma vaar Fedra-Sed. Lat oss inkje Forfederne gløyma, Under alt, som me venda og snu; For dei gav oss ein Arv til aa gøyma, Han er større, en mange vil tru. Lat det merkast i meir en i Ordi, At me halda den Arven i Stand, At naar Federne sjaa att paa Jordi, Dei kann kjenna sitt Folk og sitt Land.