Eg veit meg ein ædeli skog'e Sunna og vesta fyr fjord: Der vekse så mange dei ædeli tre, Dei venast på jordi som gror. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Det var stride stjukmori, Ho framfyr sengji sto: Skapt'a i ei villande hind Som spring'e på øydeskog. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Det var han rike Herre-Per, Vakna og om seg såg: Borte var fruva Ingebjør, Som på hass armen låg. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? "Høyre du, unge Herre-Per, Kvi høgg'e du ned min skog? Du fær kje den ville ørni, Fyrr ho fær manneblod." - Korleis ska sveinen finne jomfruva? Han skar stykkje utor sin barm, Kasta det hågt'pi kviste; ørni skreik, så hågt ho gol, Ho ville Herre-Per giste. - Korleis ska sveinen finne jomfruva? "Gud signe deg, dandis Herre-Per, Fyr alle god-rå'ine dine! Stjukmor mi sit i Trollebotn, Der græt ho syndine sine." - No heve sveinen funni jomfruva.