Det spørs ei gåte omkring ei kvinne Som var i Isdalen daud å finne Der vonde minne er grodde inne Eit lik av jente, så kvesta, kverka Imellom steinar låg brennemerka Det var så bannlyst det heile verka Kven var den døde og røyselagde Som så med spora og opphav tagde Og aldri namnet sitt likeins sagde? Gud hjelpe sjeler Som herom fer Kring Svartediket Der dauden er Var ho ein flyktning frå sjølve livet Som ikkje ville ha noko skrive Den dag ho måtte til dauden trive? For lygn og sanning har kvar sin måte For Isdalkvinna har ingen gråte For einkvar grundar me på ei gåte Gud hjelpe sjeler Som herom fer Kring Svartediket Der dauden er For lygn og sanning har kvar sin måte For Isdalkvinna har ingen gråte Og alle er me vår eiga gåte