Omatt det mel Nett liksom gauken gjel Litt av ein song Kanskje om elsk ein gong? Gåtene gryr Oppatt i folk og dyr Let og gjeng att Luskar i løyndarnatt Vinn ikkje fred Utan at einkvan kved Tonane må Tolkast av hjartetrå Tenke seg til Lyt ein kva tonar vil Liksom ei drakt Tener i ulik pakt Hige og hong Søker å bli til song Framtida finn å minne på seg i sinn Bilete sviv Innom, slik draumar driv Byter natur Etter kor tonen bur Noko i ein vil attende Ane kva i duldo hende Når den songen tona inn Som syng i sinn Noko i ein vil attende Ane kva i duldo hende Når den songen tona inn Som syng i sinn Kjelder som kvarv Lutrar i art og arv Spirer og gror Meste forutan ord Vise og slått Sullar i sogehått Lyder av trong Avla i elsk ein gong Omatt det mel Nett liksom gauken gjel Litt av ein song Kanskje om elsk ein gong?