Kishore Kumar Hits

Harald Foss - Ved Stanford Brua şarkı sözleri

Sanatçı: Harald Foss

albüm: Ved Stanford Brua


Höyrer Harald Sigurdsson,
Dei draumtegn frå brodir Olav
Matkhugen må du dölje no,
Ille det deg gange,
Höyr no ikkje på Toste Jarl,
Der han eggjar til englands å fare,
Tord han hadde ein underleg draum,
Og ilt tyda draumine mange.
På våren i 1066 ei ferd vart förebudde,
Maktglad konge i noreg rådde,
Og leidang baud ive landet.
Eit hundre og fem og nitti skip,
Til Orknöy-jarlen dei sigla vest,
Og Torfinn Jarl sine söner lest
Eit hundre fleire langskip.
Kom dei fram til Jordvik by då fyste slaget gnydde.
Jarlen Muru-Kåre fall og Valtjov Jarl han flydde.
Harald og Toste fram dei for,
Men Valtjov Jarl han til dei svor,
Dei riddara av kongens bord
De möter med Stanford brua.
Harald og Toste neste dag dei brynjelause gange,
Då langt der ute soli blenkte i hjelm og brynjer mange.
Englandskongen visst det er,
Eg kjenner Thingmannalid sine klär,
Nordmannahären rådvill er,
Dei stanna ved Stanford brua.
Kom dei på det råd at dei let alle saman fylke.
Medan Styrkår rei til skipi ned det snöggaste han kunne.
Men for å vinna tid om senn,
Så bad dei Tjodolv sterke enn
At han må stansa kongens menn
Der ute på Stanford brua
Og lenge heldt han Tjodolv stand
Mot Angelsaksarkongen,
Men undantil med spjot dei stakk,
Så var dei over komne.
Då andre slaget i ofse rann,
Medan Öystein og Styrkår og alle mann
Frå skipi dei sprang for å nå fram
I tide til Stanford brua.
Harald fram for fylkingen gjekk
Og hogg til både kantar,
Då flaug ei grågasfjörkledd pil
Vart nordmannkongens bane.
Då Öystein og Styrkår dei kom fram,
Fullt kleddt i brynjer alle mann
Ov slit og sprang knapt sloss dei
I bakken ved Stanford brua.
Då tredje slaget toko til, vart kalla Orreira
Og mannefalli store vart
Men nordmenn måtte flya.
Så gjekk det til at Vilhjalms menn
Fra Frankariket makti vann
Og norrönalltingretten fall
Ut der ved Stanford brua.

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar