Med blinde augo vil du vegen finna ♪ Djupt du dreg anden inn – let tankar svinna ♪ Langsamt slepp anden fri – i vinden rida ♪ Spinn spindel – tvinn i tankar, kverv i syn Seidsongen, lint den lokkar hug or ham Fram gjøno døri, gjøno kongro-sløri Fram, ber med bare føt, den tunge børi ♪ Ut in ditt indre ventar bratt ein sti Høgt der på Lyvjarnut stend møyar ni ♪ Ved fyrste stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg kleda, alt du eige med Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom ventar tyngre veg ♪ Ved andre stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg tida, tunge tankar med Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom ventar tyngre veg ♪ Ved tridje stad der stiar krossar, biar du Legg frå deg reidsle, legg di maske ned Der du er på veg, er dei til ingen nytte Børa letnar, framom kjem dei tyngste steg Nakjen der på nuten, kjenner berget deg Nordre slær si ørnevengje, vinden dreg Kring deg fær kvendeskuggar dansande Ramme runar, mæl og manar, yve deg ♪ Sott og sår Or marg og bein Or kjøt og blod Or hold og skinn I vær og vind Ut du svinn Eg manar deg inn i berget blå Der korkje sol ell måne skin deg på Eg maner til skogen der ingen bur Og til den sjø som ingen ror Djupt under jordfast stein til ingens mein Gjønom elva renna Havet venda ♪ Lyfjaberg hev alltid stende Til trøyst for sjuk og såra Kvar og ein som berget kliv Lækjast for livslang sott Legg den att på Lyfjaberget Hødgi der åar alle Buktar støtt seg nord og nedan Bergar den som berget maktar