Vendum vendum Or vordehaugen, Drog eg ordi Leita songar Upp or jordi Dreiv på vindar, Vakre viser Lagnadsdiser, Baud meg vitje, Baud meg sjå, Min eigen tråd, I Nornespå Rend er veven Med ørlogstrådar Ramme rim, Magnar banda Kvervelvindar, Hapt i hugar Liv og lagnad, Ordi avlar Såg du din fyrste dag Drog fyrste andedrag Der omkring stod nornar ni Vinda vevja, vind til liv Låg du der i favn åt mor Knytta i ei navlesnor Bytte den med ættarband Liv og lagnad, i det spann Møyer steig på ættarhaug Dansa yver alv og draug Vinden leiker, i møyer dreg Vinden som vil fylgje deg Nornar nie steig fram Vov og bandt lagnad For min unge, eg gåver baud Så ingen vov med ilske naud Ved stokk ved stein ved trolletein Spinn dei lagnad, utan mein Nornar nie, høyr meg Vord min veg, før med Lindrande hender I lækjande fotspor Andar inn Tankar svinn Andar ut Reidsle rinn Kvart eit drag Viljen veks Hjarte sler Vidt eg ser Vind i hått Vind i hugen I mitt mot I min vilje Slepp det fri Lar det fara Eg vert heil Eg er heil Kom vind i hátt Kom vind i hug Vilje som veks I temjande vers Kveikjer ein storm Den kveler sott og sorg Du vert heil Du er heil Eg vert heil Eg er heil Vendum vendum No hev Nornar Vevd si vise Songen stillnar Vinden med Gåver gjevne Til den som lytta Her eg stende I heilagt vé Gamalt minne Lemnar meg Lemnar meg Lemnar meg...