Kishore Kumar Hits

Forsvarets Stabsmusikkorps - Fagert er landet şarkı sözleri

Sanatçı: Forsvarets Stabsmusikkorps

albüm: Ja, vi elsker


Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader,
Fagert det stig av blåe hav, soli ho sprett og ho glader.
Signar vårt land i nord og sud, såleis di åsyn lyser Gud,
Over vårt Noreg i nåde.
Likjest vårt folk i mager jord skjelvande blomen på bøen,
Stend utan livd i vind frå nord tett inn med kanten av snøen.
Herre, du ser med miskunn ned, folket vårt gjev du livd og fred,
Er oss så kjærleg ein fader.
Her ned i grunnen svetten rann trufast åt fedrene våre.
Her dei sin heim og hugnad fann, dogga med smil og med tåre.
Her hev det flødt ei såkornflod, varm av vårt beste hjarteblod,
Her hev med grorbotn å veksa.
Tidi ho renn som elv mot os, fort skifter sumar med vetter,
Fader, ver alltid Noregs los radt til dei seinaste ætter.
Herre, vår Gud, vårt Noregs Gud, varda vårt land frå fjell til flu,
Lær oss å gå dine vegar.
Signa då Gud vårt folk og land, signe vårt strev og vår møda,
Signe kvar ærleg arbeidshand, signe vår åker med grøda.
Gud, utan deg den vesle urt, veiknar og visnar, bleiknar burt.
Ver du oss ljoset og livet.

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar