Kishore Kumar Hits

Forsvarets Stabsmusikkorps - Mellom bakkar og berg şarkı sözleri

Sanatçı: Forsvarets Stabsmusikkorps

albüm: Ja, vi elsker


Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim,
Der han sjølv heve tuftene grave
Og sett sjølv sine hus oppå deim.
Han såg ut på dei steinute strender;
Der var ingen som der hadde bygd.
Lat oss rydja og byggja oss grender,
Og så eiga me rudningen trygt
Han såg ut på det bårute havet,
Der var ruskut å leggja utpå,
Men der leikade fisk nedi kavet,
Og den leiken, den ville han sjå.
Fram på vinteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
Fekk han hug til si heimlege strand.
Og når liane grønkar som hagar,
Når det lavar av blomar på strå,
Og når netter er ljose som dagar,
Kan han ingen stad venare sjå.

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar