Gjennom regn og salt Gjennom voldsomme bølger fer han fram Han har røyna alt Han er sliten og trøtt Men garnet det må opp Før han vender heim for godt Han ser inn mot Skude Fyr Han tenker på henne som er Like øm og god Når dei er saman, kun dei to Sjøl etter mange, mange år Kjenner han framleis ho er Like øm og god Når dei er saman, finn han ro Sjøl etter mange år, er det dei to Ho tar forkle på Ho set på gryta med to poteter kvar Det blir fårikål Det er lenge sidan sist Og ho tenker med eit smil Eg har hatt eit lykkelig liv Ho ser ut mot Skude Fyr Snart kjem han heim, han som er Like øm og god Når dei er saman, kun dei to Sjøl etter mange, mange år Kjenner ho framleis han er Like øm og god Når dei er saman, finn ho ro Sjøl etter mange år, er det dei to Ho er fjern og bleik Ho snur seg vekk medan kista senkes ned Ingen andre veit Kva dei hadde i lag Og ho kan ikkje forstå Korleis livet skal bli nå Ho ser ut mot Skude Fyr Han kom aldri heim, han som var Like øm og god Når dei var saman, kun dei to Sjøl etter mange, mange år Kjente ho framleis han var Like øm og god Når dei var saman, fant ho ro Sjøl etter mange år, var det dei to