Kven kan seia ut den glede Å få vera Kristi brud? Gå med krans og kvite klede Heim til himmelen til Gud? Før eg låg i synd og våde, Tung var all min gang og veg. Då kom Jesus med sin nåde, Å kor glad han gjorde meg! Ja den dagen - å for sæle! Aldri meir eg gløymer den, Då eg høyrde hyrdingmæle, Då eg vart ein Jesu ven! Kven kan seia ut den fagnad Å få høyra Jesus til! Jesus er mitt liv, min lagnad, Hans eg evig vera vil!