Kishore Kumar Hits

Geirr Lystrup - Tre Roser for Baltikum şarkı sözleri

Sanatçı: Geirr Lystrup

albüm: Samme Gamle Greia - Nye Sanger Om Vår Og Kjærlighet


Tre raude roser vil eg gje deg
Du får dei no i tidleg knopp
Dei renn av gamal roserot
Og skyt mot lyset opp
Dei står til knes i vinter
Men tøyer seg mot vår
I hagen Baltikum
Mot vår i hagen Baltikum
Eg gjev deg ei som knyter neven
Og krøkjer klo mot austavind
I trass mot hagl og farleg ver
Som kulda sender inn
Ho knyter neven når ho syng
Om frihet for seg sjøl
Og hagen Baltikum
Seg sjøl og hagen Baltikum
Eg gjev deg ei med munn som teier
Men ho har auge som fekk sjå
At bror og søster blei slått ned
Og fall for framand ljå
Den sorga svir og alt ho såg
Fortel ho sine barn
Av hagen Baltikum
Til barn av hagen Baltikum
Tre raude roser vil eg gje deg
Eg veit den tredje brenn for fred
At ho ein dag kan foldast ut
Og fange himlen ned
Og spegle i si rosesjel
Ei nordisk stjernenatt
I hagen Baltikum
Ei natt i hagen Baltikum
I hagen Baltikum
Ei natt i hagen Baltikum
I januar i 1991 gikk sovjetiske styrker inn i Baltikum
Mange ble skutt. Men de tre rosene
Estland, Litauen og Latvia rei stormen av
Nå er de sjølstendige og en del av hagen i Norden

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar