Kishore Kumar Hits

Geirr Lystrup - Stadig Nær şarkı sözleri

Sanatçı: Geirr Lystrup

albüm: Lysmannen


Du reiste venn, men reiste ikkje frå meg
Stadig nær – stadig like nær
For om eg blundar kan eg alltid sjå deg
Stadig nær – stadig like nær
Ditt gode smil, di trygge ro
Dei kloke augo som forsto
Her blæs det kaldt, men varmen din er hjå meg
Stadig nær – stadig like nær
Du fann ei hand langt tryggare enn hender
Stadig nær – stadig like nær
Du såg ei strand langt bortom våre strender
Stadig nær – stadig like nær
Du såg ei sol med klårar' glans
Du høyrde song, ein annan dans
Så skauv du ut den båt som aldri vender
Stadig nær – stadig like nær
For stadig susar kongletunge graner
Stadig nær – stadig like nær
Vår såmann Vind er tru mot gamle vaner
Stadig nær – stadig like nær
Vår beste gran, du måtte ned
Men sjå du gror i nye tre
Det syng i frø som kjem frå gode aner
Stadig nær – stadig like nær

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar