Kishore Kumar Hits

Geirr Lystrup - Vårherre Dansar şarkı sözleri

Sanatçı: Geirr Lystrup

albüm: Lysmannen


Den dagen Vårherre dansar skal eg betre meg by han opp
Fri for sjenans skal eg be om ein dans
Med både sjel og kropp
Og sanneleg trur eg han takkar ja til neste låt
Då får eg ein sving så eg vimar i ring
Mellom høge skratt og gråt
Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg
No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg
Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag
La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag
Når dansen er dansa ferdig då skal eg kje vera sein
Eg skal be han med opp for å ta seg ein kopp
Og den skal vera rein
Ja, då skal vi ha oss den praten eg lenge har venta på
Om livet, især kor vrient det er
Eg trur han vil forstå
Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg
No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg
Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag
La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag
Den dagen Vårherre dansar er lenge til heromkring
For nokon har sagt det er rimelig skakt
Av Gud å danse swing
Dei låser han inn i ei salme og meiner å ha 'n i fred
Men kom 'n seg fri – o salige tid
Fekk store under skje
Dans med meg Herre Gud så godt som eg dansar med deg
No får eg jo til – sei du deli til – vrangsnu og bakomsteg
Dans med meg Herre Gud så godt som vi dansar i lag
La svingomen gå – sei du deli gå – frå natt til lysan dag

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar