Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no Når døra skal spikrast igjen For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo Du skal reise til byen, min venn Og sjarken din, Edvard, ka gjer du med han Nu når garna for godt heng på hjell Ta mesanen punn armen, sett sjarken på land For kvar fiskar er tid å ta kveld Og det nyharva stykkjet bak fjøsen ein stad Det får småbjørka få att til års For det veit du då, Edvard, du skal herifrå Du skal aldri meir stampe til gårds Du skal aldri meir drage eit nattstie bruk Hive uer og torsk kvar for seg Og det hjelp ikkje, Edvard, å lengte seg sjuk Industrihallen ventar på deg Industrihallen ventar, bruk hammaren godt Og få sjarken i støa fortøyd Det du pusla med, Edvard, det vart altfor smått Økonoman er dårleg fornøyd De har avgjort, du Edvard, innpå et kontor At den bygda du bor i skal bort Men det kunne du vanskelig vette i fjor Då var valgfriarløftet for stort Og fjøset du bygde på lovnad om veg Det får du la stå der det står Og den jorda du pløydde som stort gledde deg Ho vart ligganes usådd i år Sei til kjerringa, Edvard, når alt er gjort klårt Ta fram såkornet, bak oss eit brød Vi skal feire vår avskjed, om enn det er sårt I fabrikkhallen trengs ikkje frø Kor er hammaren, Edvard, du treng han vel no Når døra skal spikrast igjen For i utbygda, Edvard, skal ingen mann bo Du skal reise til byen, min venn