No sit e som han tosken på ein haug Og lura om det va e el du som laug. Det e ingen framtid å bu i eit hi Og leva aleine med grubblinga si, å nei, Ei anna løysning må det vel bli. Du skulde vore mi. Ein delje live te tru og suggesjon, Men e har alder fått tak på religion. E trur at dagen kan bli hard For ein sølibatmunk i ei klostergard, å nei Ei anna løysning må det vel bli. Du skulde vore mi. E har liten hug te bli ein peparsvein. Sittja syngje om goe minner bak ein stein. Ingen vits å leva livet for seg sjål Å sittja å angra seg, nei e kom te kjede meg. Drøyme om deg. Det fins no dei som vente burt sitt liv Å spikke dagen lang med nyslipt kniv Eit krypinn på ein bakketopp Sit han der med ein kaffikopp, å nei Ei anna løysning må det vel bli. Du skulde vore mi.