Det e natt over fjella ved fjorden Månen henge på himmelens rand Som eit auge som våke i natta Held han vakt i eit sovande land I august finne mørket tilbake Då får stjernene lyse i fred Då blir stillheten dobbelt så stille Og kvar draum dett umerkelig ned Kjenn ein vind full av angrande summar Det e ingenting som e forbi Alt e her, berre låst inn i natta Alt som svermar har no funne hi Eg har reist vekk og ikkje tenkt meire På alt det eg reiste i frå No e tankane større og fleire Når ei nordfjordnatt ikkje vil gå Det e natt over bygda ved fjorden I det svartstille seglar ein båt Han stryke forbi Kjølsdalsneset Og forsvinne der månen blir våt