Vesle Daniel skal ut i verda Og gjer kista klar i denne stund Over store hav mot sør går ferda Med San Salvador av Haugesund Over store hav mot sør går ferda Med San Salvador av Haugesund Der kjem far hans gamle Dave Myra Med ein låspung messinggul og blank Og slær fast at her ligg månadshyra Like trygt og støtt, som i ein bank Og slær fast at her ligg måndashyra Like trygt og støtt, som i ein bank Men på kne ved leddiken ligg mor hans Og legg plagg for plagg i kista ned Med han Knute-Sivert, yngste bror hans Står og tryglar om å få bli med Med han Knute-Sivert yngste bror hans Står og tryglar om å få bli med Mjukt og varlig stryk ho dyffelstrøya Som skal pryde Daniel i land Og eit dobbelt kvitlepar for køya Legg ho ned med kjærleg moderhand Og eit dobbelt kvitlepar for køya Legg ho ned med kjærleg moderhand Under lokket ruvar reisenista Reine julekosten er det plent Og på heidersplassen øvst i kista Lyser salmebok og testament Og på heidersplassen øvst i kista Lyser salmebok og testament Men fra leddiken i løynd det glimtar I eit lite flekket skilderi Der med blomstret barneskrift ein skimtar Di til døden trufaste Mari Der med blomstret barneskrift ein skimtar Di til døden trufaste Mari Har din glade lått med gråt seg blanda No er timen komen Daniel Havet kallar på deg kom med handa Vesle Daniel, farvel farvel Havet kallar på deg kom med handa Vesle Daniel, farvel farvel