Kishore Kumar Hits

Arve Moen Bergset - Spor 13 şarkı sözleri

Sanatçı: Arve Moen Bergset

albüm: Religiøse Folketoner


Upp alle Ting, som Gud hev gjort,
Hans store Namn at prisa!
Det minste han hev skapt, er stort
Og kann hans Allmakt visa.
Gjeng alle Kongar fram i Rad
Og seg til Storverk etla,
Dei mektast ei det minste Blad
At setja på ei Netla.
Eg undrast på det minste Strå,
Som Skog og Dal kan pryda.
Kor skulde eg væl Visdom få
Til berre det at tyda!
Enn når eg fær det fylgjet sjå,
Som fram i Heimen skrider:
Alt folk, som kom og kvarv ifrå,
Dei lange, lange Tider!
Kva skal eg segja, når eg stend,
Der Blomar gro i Engjer,
Og Fuglesongen saman renn
Som tusund Harpestrengjer?
Kva skal eg segja, når eg ser
I Andenn' upp og vender
Mitt Auga til den Engleher,
Som om Guds Trona stender?
Kva skal eg segja? mine Ord
Dei vil so lite segja.
Min Gud! din Visdom er so stor,
At mange mål må tregja!
Alt, som hev Ande, lova skal
Vår Gud med heilag Heider.
Hans Lov skal fylla Fjell og Dal
Om alle Heimsens Leider.
So love Gud på denne Jord
Kvar, som hev Munn og Mæle!
Og Englane i heilagt kor
Skal syngja med so sæle.
Kved upp, du Her av Folk på Jord!
Med tusund Tonar saman:
Halleluja, vår Gud er stor!
Og Himlen svarar: Amen.

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar