Frå æve og til æve er du, Herre. Kva er vel eit menneske, o Gud? Stjernehopar, sfære etter sfære, Sloknar på si bane ein gong ut. Sjå på blomen der han fagert stråler, Opnar i mot ljoset tyst sin munn. Drikk Guds sol og regn av fylte skåler, Esla liv eit einaste sekund. Kva er vel eit menneske, o Herre? Under same lov og same dom. Gud allmektig skapt i ditt bilete, Er vi einast støv i tid og rom. Fåfengt går vel menneske og grunnar. Kven kan tyde kva Guds finger skriv? Men vårt hjarte undrast no og stundar. Ber på draumen om eit evig liv.