Kishore Kumar Hits

Blodsmak - Sveltihel şarkı sözleri

Sanatçı: Blodsmak

albüm: Av jord er me komne


(Hey, hey, hey)
I den mørke granskog
I skuggen av eit stupbratt flog
Innerst i det djupe gjel
Finn du sveltihel
Han har mange kallenamn
Han tek deg i si kalde famn
Lokkar deg med felespel
Før han livet frå deg stel
No kan ingen redda deg
Han er sveltihel
Han tek di arme sjel
Han er sveltihel (sveltihel)
Ja han er sveltihel (sveltihel)
Vink ditt liv farvel (farvel)
Han er sveltihel
Sveltihel

Ikkje mann av denne jord
Graset visnar i hans spor
Og auga brenn som feber-blod
Og hjarte svart som djevel-klo
Du finn aldri heim igjen
Han er sveltihel
Han tek di arme sjel
Han er sveltihel (sveltihel)
Ja han er sveltihel (sveltihel)
Vink ditt liv farvel (farvel)
Han er sveltihel
Sveltihel

Høyrer du kor fela læt?
Høyrer du kor bålet gret?
Mor har gått til sveltihel
Han er sveltihel
Han tek di arme sjel
Han er sveltihel (sveltihel)
Ja han er sveltihel
Vink ditt liv farvel
Han er sveltihel (sveltihel)
Ååå, han er sveltihel (sveltihel)
Han tek di arme sjel (han)
Han er sveltihel (sveltihel)
Ja han er sveltihel (han)
Vink ditt liv farvel (farvel)
Han er sveltihel
Sveltihel

Поcмотреть все песни артиста

Sanatçının diğer albümleri

Benzer Sanatçılar