Det sko' ha vore sommar nå Og du å eg sko' vore små å du sko' komt forbi som før – Forbi som før. Å ikkje sko' du strømper hatt, Men nakne leggen brun å glatt. Du sko' hetta Ingeborg, Ingeborg Å eg sko' vera stum å stygg Med fregnenase, pannelugg – å motlaust latt deg gå forbi, Gå forbi. Men ittepå sko' eg ha gått å rusla for meg sjøl så smått å lagt meg bak ein stabbestein å grått - Men himmelen sko' vore blå Så konne eg bli sikker på At neste dag på samme sti Kom du forbi – Det sko ha vore sommar du! Å eg sko' stå der sterk av tru Med fregnenasen høgt på strå – Det sko' ha vore sommar nå!