Eg synger jolekvad Eg er så glad, så glad Eg ser min Jesus kvila som barn i ringe kår På moderfanget smila som soli varm og klår Han er Frelsar min Han er Frelsar min Kom vesle barn til meg Eg lengtar etter deg Kom, du som sorg kan linna, stig inn om her er smått Lat meg deg sjå og finna, då får eg det så godt Drag meg etter deg Drag meg etter deg Kor er Guds kjærleik stor Guds Son er no vår bror For me i synd var selde og låg i trælestand Han knuste dødens velde og opna livsens land Eia var me der Eia var me der Kvar er vel gleda slik Som høgt i Himmerik Der englesongen tonar til harper utan tal Frå alle millionar i Himlens kongesal Eia var me der Eia var me der