No koma Guds englar med helsing i sky, Guds fred og velsigning dei bjoda No stig ifrå jordi ein helgasong ny, Som skal gjenom himmelen ljoda: Guds fred og vel møtt, Du barn som er født! Vår fredsfyrste høgt vere lova! No stjerna frå Betlehem lyser om land Frå høgsal til armaste hytta Det ljosnar so vent yver dalar og strand Der inn hennar strålar få glytta Guds fred yver mold! Vår sol og vår skjold, Vår fredsfyrste høgt vere lova! No ljodar ein lovsong frå alle Guds born, På alle folks tungor dei kveda Så vida som klokkone tima frå tårn, Stig tonar av hugnad og gleda Alt kling som i kor: Guds fred yver jord! Vår fredsfyrste høgt vere lova! Den freden meg fylgje frå vogga til grav, Meg hugge* i såraste suter! So segjer eg når eg frå verdi fer av Og døyande hovudet luter: Guds fred og farvel! No sovnar eg sæl Vår fredsfyrste høgt vere lova!