Gåsa og katten og hanen Var leie av livet her. No ville dei ut i verda Og freiste si lukke der. Her går vi på bondebygda Som åte for rev og ramn. Nei, då er det andre tider hjå kongen i Kjøpenhamn. So luffa dei gjennom Skåne Og lydde på messa i Lund, Og gåsa ferja dei over Til Kronborg ved Øresund. Tidleg ein måndags morgon Nådde dei kongens by Lerka song over Sjælland Og hanefar gol mot sky. Dei spurde seg fram til slottet, Og vakta gjorde honnør. So skulle dei syne kongen Kva kunster dei kunne frå før. Katten var fyrst i elden Og katten fekk lønn for strev: Kongeleg musefangar Det stod på hans embetsbrev. Gåsa vart overkokke, Og var som eit syn å sjå I nystiva blondekappe Med kongens våpen på. Men hanen kom høgst i korga Og skikka seg bra, får vi tru, For han skulle vekke kongen