Den fyrste song eg høyra fekk Var mor sin song ved vogga Dei mjuke ord til hjarta gjekk Dei kunne gråten stogga Dei sulla meg så underleg Så stilt og mjukt te sova Dei synte meg ein fager veg Opp frå vår vesle stova Den vegen ser eg enno titt Når eg fær auga kvila Der stend ein engel smiler blidt Som berre ei kan smila Og når eg sliten trøytnar av I strid mot alt som veilar Eg høyrer stilt frå mor si grav Den song som allting heilar Den fyrste song eg høyra fekk Var mor sin song ved vogga Dei mjuke ord til hjarta gjekk Dei kunne gråten stogga