Ut frå Bergen går returen,
Kveldsola smeltar i vest,
Første plassen er Florø,
Ruta langs kysten er vest,
Morgon stemning mot havet,
Måløy kjem like før Stadt!
I hundre år langs kysten vår, ja Hurtigruta går,
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss, ombord!
Frisk er brisen om baugen,
Stigande mot Ålesund,
Fiskarbyen oss helsar,
Her skal me liggja ein stund,
Kø med glade turistar,
Gangvegen er no på plass.
I hundre år langs kysten vår, ja Hurtigruta går,
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss ombord!
Romsdalsfjorden er vakker,
Molde er rosenes by,
Trondheimstaden til Olav opnar sin soge på ny.
Stø er kursen mot Rørvik,
Noreg du langstrakte lei.
I hundre år langs kysten vår, ja Hurtigruta går,
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss, ombord!
Petter Dass er i sikte,
Losar oss fram med sin hand
Bratte fjellheim og øyar,
Dette er vårt Helgeland.
Hurtigruta finn vegen,
Vestfjorden, Lofoten, Troms!
I hundre år langs kysten vår, ja Hurtigruta går,
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss, ombord!
Midnatssola på babord,
Finnmark du stautaste Nord!
Fiskarmannen i sjarken,
Takkar for fangsten så stor!
Hurtigruta oss fører,
Trygt imot Kirkenes havn.
I hundre år langs kysten vår, ja Hurtigruta går,
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss, ombord!
Som kystens mor, frå Sør til Nord,
Kast loss, med oss, ombord!
Поcмотреть все песни артиста