Skriv no ein song om ein sjømann ein gong,
Førstereis på sjappen i Hong Kong.
Det var ei tid, ho vil aldri meir bli,
Dei har flagga ut han gamle gut.
Den siste sjømann,
Synge ei vise om han,
Måtte mønstre av og gå i land.
Den siste sjømann,
Utan arbeid i land,
Men han vil alltid bli ein god sjømann.
Trailersjåfør som er sjømann frå før,
Kjøyrer no på E6 i mot sør,
For tida fann, som før i Rotterdam,
Når me set på kjerka alle mann.
Den siste sjømann,
Synge ei vise om han,
Måtte mønstre av og gå i land.
Den siste sjømann,
Utan arbeid i land,
Men han vil alltid bli ein god sjømann.
På ein plattform, når det bles og er storm,
Går matrosen på si morgonvakt.
Tanker og tvil, nokre år, mange mil.
Kan du hugse Santos i Brasil!
Den siste sjømann,
Synge ei vise om han,
Måtte mønstre av og gå i land.
Den siste sjømann,
Utan arbeid i land,
Men han vil alltid bli ein god sjømann.
Den siste sjømann,
Syng ei vise om han,
Måtte mønstre av og gå i land,
Den siste sjømann,
Utan arbeid i land,
Men han vil alltid bli en god sjømann,
Men han vil alltid bli en god sjømann.
Поcмотреть все песни артиста