Det hev ei rose sprunge Ut av ei rot så grann, Som fedrane hev sunge Av Isais rot ho rann. Og var ein blome blid Midt i den kalde vinter Ved mørke midnatts tid. Om denne rosa eine er Sagt Jesaja ord, Maria møy den reine Bar rosa til vår jord. Og Herrens miskunns makt Det store under gjorde Som var i spådom sagt. Guds rose ljuvleg angar Og skin i jordlivsnatt. Når hennar ljos oss fangar, Ho vert vår beste skatt. Me syng i englelag: No er det fødd ein frelsar, Og natti vart til dag.